Foto Halldis Folkedal

Kom på sommarfest på naturskjøne Svartskog siste fredagen i mai!
Der blir det allsang, suppe, dans og spel for store og små, unge som gamle, frå kl. 18.00 og utover.

Berre nokre snaue kilometer utafor bygrensa, rett ved fjorden, ikkje langt frå dei store drabantbyane sør i Oslo, ligg ei urørt, idyllisk bygd med bondegardar, grendehus og friluftsscene. Her budde polfararen Roald Amundsen, og her held Svartskog spelemannslag til.

Kvart år har dei si eigen sommarfest i skogkanten ved bygdehuset Solheim. Der er det ein storvegs dansefete* — og alltid bra vèr. Om det kjem ein skur, så har dei ein løysing på dét òg.

Svartskog byr på stortriveleg samvær, fin natur og mykje leik og moro for folk i alle aldrar. Og med god musikk og suppe til!

Ta med deg vener og familie, og opplev ei vakker og morosam sommarkveld på Svartskog!

Du kan sjå Svartskog spelemannslag i ein Småleik-film her. Barna har sitt eige band, Spelsauene, som speler ein liten vals her.

*) Dansefete, trad. -fekje (uttalast òg ‘førke’), danseplatting.
Naturleg formasjon i terrenget, eller snikra av folk.

Liknande saker