Kvar og når

Apalløkka i Oslo, fredag, laurdag og søndag 21.–23. juni 2019
Småleik finn stad på Apalløkka skole og idrettshall på Ammerud, første helga i sommarferien i Oslo. Apalløkka ligg rett ved Lillomarka og Vesletjern, med fin badeplass. Overnatting i klasserom på skolen. Måltid, verkstader og festkveld i hallen. Parkering på området. Innsjekkinga startar fredag kl. 16.00, og fellesprogrammet startar fredag kl. 18.00.
Du finn informasjon om verkstadane og instruktørane på Småleik-påmeldingssida.

Norsk Folkemuseum på Bygdøy søndag 23. juni (St. Hans)
Vi sjekkar ut frå Apalløkka søndag morgon, og drar i samla flokk til Folkemuseet. Der blir det mykje å sjå og vere med på, og vi toppar det heile med vårt eige Småleik-show på det tradisjonelle Friluftsteateret på Bygdøy. Teaterscena har ein lang og ærerik histore, og vert restaurert i år – spesielt for Småleik.
Småleik sluttar offisielt kl. 14.00 på søndag, men det blir aktivitetar og framsyningar rundt om i museet for Småleik-deltakarane heile ettermiddagen. Vi oppfordrar alle til å vere med vidare på museet sin store St. Hansfeiring på kvelden.
Les meir om familiefesten på Folkemuseet her.

Fredag
16.00 Innsjekk og middag
18.00 Festkveld med kveldsmat
Laurdag
08.00 Frukost
09.00 Verkstader
12.00 Formiddagsmat
13.00 Verkstader
16.00 Utemoro
18.00 Festkveld med kveldsmat
Søndag
08.00 Frukost
10.00 Felles avreise til Bygdøy
11.00 Førebuing framsyning
13.00 Framsyning i Friluftsteateret
14.00 Avslutning av Småleik
16.00 Sommarfeiring på Folkemuseet
