For å feire at Oslo har fått Småleik, inviterer LilleRiksen til ein storslått festframsyning på Riksscenen. Eit forrykande Folkepedia- og Småleik-show skal gje deg ein skikkeleg forsmak på festivalen!

Foto Thor Hauknes

Det blir premierefest på mange nye folkedans- og musikkvideoar i Folkepedia. Her skal barn og unge i Oslo og omegn syne fram deira favorittdansar, og vise oss triksa bak dansane. Når du har sett filmane, så kan du også prøve deg.

Og, for fyrste gong, har Folkepedia laga mange kule musikkvieoar med drivande gode barne- og ungdomsspelemannslag og songarar frå Oslo og Akershus. Sjå smakebitar her!

Til å styre oss på rett veg har LilleRiksen fått tak i folkedansinstruktør og primus motor for Folkepedia — Halldis Folkedal. Det er ho som har gjort alle opptaka, og hun gler seg til å vise alle dei tøffe, kule, råe, vare og søte videoane for dykk.

Etter filmframsyninga blir det konsert og dans med familieorkesteret Spelsauene frå Svartskog spelemannslag, som du òg kan sjå i fri dressur på fleire av Småleik-videoane.

Ta plass når LilleRiksen, Folkepedia og Småleik rullar ut den raude løparen!

NÅR: klokka 12.00 søndag 7. april 2019
KVAR: Riksscenen, Schous kulturbryggeri, Grünerløkka, Oslo

Kjøp billettar her!

Liknande saker