Kva er Småleik?

SMÅLEIK er for alle.
Det blir verkstader og lokale tradisjonar ― og mykje, mykje moro.

SMÅLEIK er danse- og musikkverkstader

På Småleik kjem mange av dei beste instruktørane og musikarane vi har her i landet. Du får lære nye ting i lag med andre barn og ungdomar, og vere med å lage flotte framsyningar. Siste dagen på Småleik er St. Hans, og da blir det masse moro og flott Småleik-show på Norsk folkemuseum på Bygdøy.

Les meir om Småleik-artistane her.

Foto Thor Hauknes

SMÅLEIK er lokale tradisjonar

Visste du at Oslo og Akershus hadde masse folkemusikk og folkedans før i tida? På Småleik skal du vere med å blåse liv i desse tradisjonane. Her finn du mange flotte filmar med nokre av dansane og musikken du kan lære på Småleik.

Sjå ein liten smakebit her.

Foto Thor Hauknes

SMÅLEIK er liv og moro

Festivalen går føre seg på Apalløkka ved Lillomarka, og her er både badeplass og fotballbanar. Det blir overnatting på skolen, der dei yngste kan ha med seg familien. Det blir fest og moro frå morgon til kveld, og det fantastiske folkemusikkbandet VRANG er med og lager topp stemning heile vegen.

Les meir om programmet her.

Foto Thor Hauknes

Småleik er FOR ALLE!

Du treng ikkje ha spela folkemusikk eller dansa folkedans frå før av. Uansett om du er heilt nybegynnar eller har masse erfaring, eller er sånn midt imellom, så blir Småleik like gøy. Enten slekta di kjem frå byen, bygda eller frå andre land – musikken og dansen på Småleik er fengande for alle. Heile Småleik er lagd til rette for store og små, uansett funksjonsevne.

Meir info om tilbodet på påmeldingssida her.

Foto Halldis Folkedal

Kven står bak Småleik?

Folkedansarane i Barnelaget i Oslo og dei unge folkemusikarane i Oslo (UFO) ville lage til eit stemne saman. Samstundes er Leikarringen i BUL i Oslo 100 år i 2019, og dei tenkte å feire Hundreleik heile året til ende. Så kva var vel meir naturleg enn at dei slo seg saman og stelte til SMÅLEIK? Og Noregs Ungdomslag syntest dette var så fin idé at dei også blei med på å dra lasset.

I tillegg har vi ei rekke medarrangørar som stiller opp med entusiasme, kunnskap og svær arbeidsinnsats: Norges folkemuseums dansegruppe, BULder og brak, Akershus musikkråd, Kultivator AS og Samarbeidsorganet for folkedans og folkemusikk i Akershus (SAFFA).

Men vi treng fleir! Vil du eller laget ditt vere med å gjere Småleik til tidenes festival? Meld frå til oss på adressa smaaleik@gmail.com. Vi garanterer at 21.–23. juni 2019 blir ein stortriveleg dugnadshelg!

Her har du heimesida til Hundreleik.

Våre entusiastiske ekspertar

Å arrangere ein stor barne- og ungdomsfestival krev at vi må kvalitetssikra alle ledd i heile maskineriet, og til det har vi håndplukka dei fremste ekspertane i Noreg.

Vegar Vårdal er kunstnarleg leiar for Småleik. Han er kulturarrangør, danseinstruktør, universitetslærar, superinspirator og primus motor for barnetilbodet LilleRiksen på Riksscenen. Vegar leiar programnemnda vår med fast hand og godt humør.

Marianne Tomasgård har ansvar for musikkrepertoaret, og jobbar som folkemusikk- og folkedansrådgjevar i Akershus musikkråd. Ho har funne fram mykje flott, gløymd musikk frå Oslo og Akershus til oss i Småleik, og har øst av si store kunnskap som folkemusikar, pedagog og forskar.

Solveig Brekke Hauknes er folkedansrådsgjevar i Noregs Ungdomslag, ein av dei beste folkedansarane i landet og ein framifrå spelemann. Ho hjelper oss å halde trådane i dette svære prosjektet, og hennar breie erfaring og rutine med å organisere store arrangement er uvurderlig for oss. Og Solveig har vore produsent for dei fantastiske Folkepedia-filmane som er laga for Småleik.

Hovudarrangørar

Barnelaget i Oslo
UFO - Unge folkemusikere i Oslo
Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo
NU – Noregs Ungdomslag

Medarrangørar og andre samarbeidspartnarar

Norsk Folkemuseum
SAFFA – Samarbeidsorganet for folkemusikk og folkedans i Akershus
Kultivator AS
Riksscenen – Scene for folkemusikk og folkedans
FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans