Som frivillig får du:

God mat og drikke |  Ei fantastisk oppleving på SMÅLEIK  |  Ei flott t-skjorte  |
   Bidra til at unge får oppleve og oppdage eit nytt musikkrike innanfor folkemusikken og dansen |  Du får vera med der det elles er lukka for publikum  | Inngang på folkemuseet på sundagen

 

Kva skjer?

1. Du melder deg som frivillig  – du krysser av for kva type oppgåver og dagar du kan hjelpe til.

2. Du vil få ein epost med meir informasjon når vaktlistene er klare.

3. Vi sjåast på SMÅLEIK 21. – 23. juni for ei fantastisk helg!

Kort om dei ulike oppgåvene:

Rigging og registrering:
– Vi gjer klar skulen, hallen og omgjevnadene til festival (kl.13.00-kl.16.00). Registrerer deltakarane når dei kjem (kl.16.00-kl.19.00)

Rydding etter festivalen:
– Alle rydder det dei kan og skal før dei dreg til Bygdøy. Når deltakarane har kjørt frå skulaén startar vi å rigge ned festivalen. Rydde og pakke ned alt vi har flyttet på og satt ut.

Dagvakt:
– Her er det varierte oppgåver, de held til ved vaktsentralen, men er også med på det som skjer. Deltakarane skal alltid kunne kome til dykk. De ser til at alle har det bra.  Sundag dreg vi til Folkemuseet på Bygdøy. Der har de ansvar for ei gruppe på ca. 10 deltakarar kvar.

Kveldsvakt:
– Her er det varierte oppgåver, de held til ved vaktsentralen, men er også med på det som skjer. Deltakarane skal alltid kunne kome til dykk. De ser til at alle har det bra.  

Nattevakt:
– De vert eit lag på seks stykke. De deler opp natta i to, då er det alltid tre vakne og tre på bakvakt som kan trå til om det vert nødvendig. De vil og ha med dykk ein sikkerheitsvakt som går runder og som kan hjelpe dykk ved behov. Det vil og vera eit sovande lag som tek seg av dei minste.

Sovande nattevakt:
– Du søv på same klasserom med dei minste. Dei skal kunne kome til deg om det skulle vera noko. Ved ei ev. evakuering leier du dei. Det er alltid andre vakne vaksne på bygget.

Matservering:
– Det aller meste av mat er laga på førehand. Oppgåvene består av å ordne til fruktfat og andre enkle måltidsførebuingar.Ellers er det å sette mat fram / servere, og å rydde etter måltida.  

Kiosk:
– Vi kjem til å ha ein liten kiosk for alle som er med på SMÅLEIK. Oppgåvene vil vera å selge og ev. førebu produkta.
«Potet» – gjer kva som helst!