I samband med Småleik har Folkepedia laga ein haug kule musikk- og dansevideoar med barne- og ungdomsspelemannslag, dansarar og songarar frå Oslo og Akershus.

Barnelaget i Oslo under filmopptak på Romsås t-banestasjon.
Foto Halldis Folkedal

I dei nye filmane syner barn og unge i Oslo og omegn fram favorittdansane sine, og viser oss triksa bak dansane. Når du har sett filmane, så kan du også prøve deg!
Sjå smakebitar her — og alle filmane her.

Her har du Småleik-filmane, og det kjem fleir etter kvart:

Firetur frå Romerike – til Holmenvalsen frå Aker i Oslo
Dansarar frå BULder og brak og Svartskog spelemannslag speler, dansar og tullar på Linderud gård.

Griffenfeldt – reinlender
Svartskog spelemannslag på Linderud gård.

Springdans frå Akershus – i tradisjon frå Ski
Follofeler, dansarar frå BULder og brak/Leikarringen i BUL i Oslo og klokkene i Oslo rådhus speler og dansar i Operaen og utafor Rådhuset.

Mestertyven Arve Brakars halling – spesiallaga koreografi av Halldis Folkedal
Barnelaget i Oslo, BULder og brak, Unge folkemusikere i Oslo (UFO) med fleire dansar og speler i Oslo Rådhus.

Lars og bamsen – folkevise frå Maridalen
Songarar frå Unge folkemusikere i Oslo (UFO) og Oslo kulturskule syng i Operaen.

Tretur på Romsås – tretur frå Fana dansa til ril frå Østfold
Barnelaget i Oslo og Unge folkemusikere i Oslo (UFO) dansar og speler på T-banen i Oslo.

Den korte valsen – frå Enebakk
Spelsauene frå Svartskog spelemannslag speler på Linderud gård i Groruddalen.

Juniorvals
Follofeler speler og dansar i Operaen.

Jeg vet en vakker pike – song frå Fyllingen i Nordmarka
Musikarar frå Unge folkemusikere i Oslo og Oslo kulturskule syng og speler på klubben Blå.

Sorte ormen – ein songleik
Barnelaget i Oslo syng og dansar på Linderud gård.

Liknande saker