foto Lars Opstad, Kulturtanken

Endeleg får vi lov til å fortelje om alle dei suverene artistane vi har klart å få til Småleik, og det er rett og slett ikkje småtteri! Her får du vite litt om hovudinstruktørane ― og husbandet som skal vere med oss heile helga.

Småleik vert fylt av folkedansarar og musikarar frå øvste hylle. Alle saman har topp
engasjement for barn, ungdom, musikk og dans. Etter kvart vil vi presentere fleire av
våre lokale artistar og hjelpeinstruktørar.

Energisk og erfarent vertskap

Radarparet Marianne Dahl og Torill Schinstad får lov til å halde heile arrangementet i
taumane, noko dei har brei og lang erfaring med. Dei har tidlegare leia dansen på store
barnestemner i Norden, vore dansarar og artistar i gruppa «Fant & Fente», og ikkje
minst vore primus motor bak dans for barn og unge i hovudstaden vår sidan dei sjølve
var 14-15 år. Det skal bli moro å sjå kva sprell dei finn på denne gongen.

Vårt eige festivalorkester

Ingen dans utan musikk, og vi fekk ønsket vårt oppfylt ― folkemusikkgruppa VRANG kjem til Småleik. Alle utøvarane har vakse opp i Oslo, og har fått inn folkemusikken og
folkedansen med morsmjølka. Maja Gravermoen Toresen trakterar ulike feler og er
attpåtil skodespelar. Jon Hjellum Brodal har vore norgesmeistar på hardingfele, og
likar å eksperimentere og leike seg med klangane og tonane i felene sine. Tuva Færden
er ikkje berre ein felespelar av klasse, men og ei så god dansar at vi kastar draumande
blikk etter ho, og ho leiar òg eit av danseverkstadene på Småleik. Dette er rett og slett eit stjernelag!

Trekkspel, song og fele ― ei uslåeleg kombo

Vi kan lokke alle trekkspelentusiastar med sjølvaste Stian Aase som verkstadleiar, og vi
har fått kloa i ein av vår fremste folkesongarar, Øyonn Groven Myhren, til å stå for den
klåre samsongen. På fele har vi fått to av dei mest ettertrakta pedagogane vi finn i
folkemusikken i dag. Selma French Bolstad er spelemannsprisnominert for viseplata
«Masåva», og går siste året på Norges Musikkhøgskole. Johanne Løkensgard Mjøs er
inne i sitt siste år på Ole Bull-studiet ved Griegakademiet, men er allereie tilsett i
kulturskulen på Voss. Begge utøvarane har både fele og hardingfele som sine
hovudinstrument.

Supre danseinstruktørar

På dans har vi fått med oss nok eit radarpar. Dei har sørgt for at dansen ikkje døyr ut i
Bodø, og no skal dei gje oss energi ei heil helg i hovudstaden. Siri Strige og Anette
Figenschou
har i mange år vist at dei brenn for folkedans for barn og unge, og det er ein
ære at vi har fått dei til Oslo og Småleik.

Direkte frå Larvik kjem Trine Merete Sjølyst, også ho oppvakse i miljøet i Oslo. Dei
minste borna skal få leike seg med ikkje berre dans, men og eit hav av artige leikar. Med seg har ho Hilde Fjerdingøy, som er ein allsidig og erfaren toraderspelar.

Dei eldste dansarane skal bli utfordra av Tuva Færden, som både er dansar og musikar. Til hausten set ho opp ein danseforestilling på Riksscenen, og på Småleik er ho artist i gruppa Vrang. Tuva har brei danseerfaring, og er nå tilsatt som danselærar i «Rogalender», Bygda Dansar sitt prosjekt i Rogaland. Tuva har nokre skikkeleg kule idear som vi veit du vil digge, så her er det berre å melde seg på. Velkommen på danseverkstad!

(Les meir om Småleik-programmet her)

Så, dette vert ei helg fullspekka med fine artistar ― som verkeleg veit å skape dei gode stundene. 

Liknande saker